Graving på privat eigedom

Om du skal grave på privat eigedom, må du vita om det finst kjende kulturminne der.

Om det ikkje er kjende kulturminner hos deg

Du kan grave viss det ikkje finst automatisk freda kulturminne der du skal grave. Dette kan du sjekke i Kulturminnesøk  Trykk på korset i starten av søkjefeltet så får du opp kartet der du bur.

Kontakt oss om du er i tvil eller treng hjelp. Det kostar deg ingenting.
Viss det dukkar opp noko som kan vera eit kulturminne sjølv om du har sjekka Kulturminnesøk, kontaktar du oss så raskt som mogleg. Det kostar deg ingenting, og me løyser saka omgåande.

En kvinnelig arkeolog graver i en jordgrøft. Bøtter og graveredskap. Plastposer med funn. To andre står i enden av grøfta og snakker sammen. Hagevekster rundt. Høstsol.
På denne hustomta låg det ein mellomaldergard. Grunneigar trengte ikkje betale for utgravinga. Foto: Anitra Fossum.

Du må ha løyve om det er kjende kulturminner hjå deg

Om kulturminnet ligg i vegen for planane dine, kan du anten gjere om på planane eller søkje om å få fjerna kulturminnet. Søknadsskjema finn du her.

Send søknaden til oss og ta gjerne kontakt slik at me kan hjelpe deg. Skulle du få avslag kan du klage eller sjå om du finn ei anna løysing.

I nokre tilfelle kan det krevjast arkeologisk utgraving. Staten betaler utgravinga om tiltaket ditt blir rekna som eit mindre, privat tiltak. 

Tiltaket er privat viss det:

  • blir sett i gang og blir utført av eller på vegner av privatperson, private stiftingar og føretak og frivillige organisasjonar
  • ikkje i hovudsak er finansiera av offentlege tilskot.  

Tiltaket er mindre viss det:

  • blir gjennomført til privat bruk for éin eller nokre få brukarar
  • berører éin eller nokre få tomter eller einingar
  • ligg innanfor normal standard for den typen tiltak det gjeld
  • tiltaket er ikkje mindre viss det er kommersielt.

Viss det innanfor avgrensa tid er gjennomført fleire tiltak på eigedommen eller med same formål, kan det verka inn på vurderinga av om det er eit mindre tiltak.

Publisert: 26.01.2018 Oppdatert: 06.12.2024 kl.12:12