Søkje dispensasjon frå fredinga

foto av loft og bur som vert satt i stand. Det er stillas rundt loftet fordi det leggast nytt tak.
Djuvland fjellgård i Rauland. Foto: Eystein M. Andersen

Publisert:

06.01.2021

Oppdatert:

16.04.2024 kl.07:10

Er du eigar av ei bygning som er freda etter kulturminnelova? Då eig du ein del av vår felles verdifulle kulturarv. For å sikre at desse vert tekne vare på, må du søkje om løyve til å gjere tiltak som ikkje er vanleg vedlikehald. Du har samstundes krav på råd, rettleiing og, i nokre høve, tilskot.

Når skal du søkje?

Dersom du vil gjere tiltak som ikkje er vanleg vedlikehald, må du søkje om dispensasjon før du set i gang. Det er ikkje alltid enkelt å vite kva som er vanleg vedlikehald. Om du er usikker; ta ein telefon eller send ein e-post til ein av antikvarane, så hjelper vi deg.

Her finn du kontaktinformasjon

Vanleg vedlikehald er til dømes å sjekke takrenner og rette nokre takstein. Vanleg vedlikehald skal gjerast i tråd med opphaveleg eller eksisterande teknikk, utføring og materialbruk. Dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane skal ikkje verte endra eller redusert som fylgje av tiltaket.

vegg med vinduer
Foto: Eystein M. Andersen

Som oftast vil det være naudsynt med eit vedtak om dispensasjon før ein kan utføre tiltak på ei freda bygning. Døme på kva du må søke dispensasjon frå fredingsvedtaket for kan vere:

  • Utskifting eller utbetring av utvendig kledning, taktekking, vindauge, dører, listverk og piper.
  • Utskifting eller utbetring av material, grunnmur, veggar, bjelkelag eller tak.
  • Utskifting av veggfast inventar, til dømes skap, senger, benkar og omnar i ei bygning som er freda innvendig.
  • Endring av type maling eller farge, fjerning av eldre lag maling, å male over dekor og liknande.
  • Tilbakeføring til tidlegare dokumentert tilstand.

Riksantikvaren har laga ein rettleiar for dispensasjonshandsaming. Der kan du lese meir om kva som krev dispensasjon og sentrale vurderingspunkt for forvaltinga.

Dispensasjonsveileder RA

Dette skal vere med i ein søknad

  • Namn, adresse, telefonnummer til eigar og evt. kontaktperson
  • Namn og adresse på kulturminne (om du har kulturminne-ID, så kan det nyttast)
  • Namn og kontaktinformasjon til den/dei som gjere jobben
  • Skildring og bilete av kva som skal gjerast og kvifor:
    • noverande situasjon
    • relevante teikningar og foto (både gamalt og nytt)
    • tiltaka med skildring av materialbruk og metodar
    • grunngjeving for tiltaket

Dersom det er ei tilbakeføring må det sendast inn dokumentasjon for situasjonen du ønskjer å tilbakeføre til (til dømes bilete, fargeundersøking, teikningar).

mursteinsvegg
Foto: Eystein M. Andersen

Du kan få tilskot

Private eigarar av freda bygningar og anlegg kan søkje om tilskot til naudsynt arbeid. Du kan lese meir om tilskotsordninga her:

Tilskotsordningar