Fredningsarbeid

nærbilde av treskjæring

Publisert:

12.06.2020

Oppdatert:

13.06.2024 kl.13:50

Freding er det sterkaste juridiske verkemiddelet i kulturminneforvaltninga og skal brukast for å sikre langsiktig vern av kulturminne av nasjonal verdi.

Telemark fylkeskommune førebur fredingssaker i fylket vårt, medan det er Riksantikvaren som har avgjerdsmakt til å vedta fredingar. Fylkeskommunen kan setje i gang fredingssaker, men privatpersonar og kommunar kan òg foreslå fredingar.

Kvifor frede?

Målet med freding er å sikre varig vern av eit tverrsnitt av kulturminne og kulturmiljø frå heile landet. Dei nasjonale kulturminna representerer ulike tidsepokar, sosiale grupper, næringar, verksemder med meir.

Kulturminna vurderast ut frå mellom anna arkitektonisk verd, vitskapleg verd, kulturhistorisk verd, opplevingsverd og bruksverdi.

Fasar i fredingssaker - eit samandrag

  1. Oppstart av fredingsarbeid: Aktuelle partar blir varsla og fredingssaka kunngjerast i dagspressa.
  2. Utarbeide forslag til freding, og samarbeid med rørde partar, offentlege styresmakter osv. Fredingsforslaget klargjer formålet, avgrensingane og føresegna til fredinga. Det inneheld òg eit utkast til vedtak om freding.
  3. Fredingsforslaget sendast ut på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn.
  4. Saka sendast til kommunen for politisk handsaming i kommunestyret. Ein innarbeider fråsegn frå høyringa og kommenterer dei.
  5. Politisk handsaming av fredingsforslaget i fylkeskommunen. Ein innarbeider fråsegn frå høyringa og kommenterer dei.
  6. Endeleg forslag til fredingsvedtak sendast Riksantikvaren. Ein innarbeider fråsegn frå høyringane og kommenterer dei.
  7. Vedtak om freding.
  8. Eventuell klage.
  9. Tinglysing.

Samarbeid

Fylkeskommunen samarbeider med Riksantikvaren i fredingssakene, men òg med kommunen kulturminnet ligg i. Grunneigare/eigare og andre rettshavarar har rett til medverking i utforminga av forslag om freding og får kome med ein uttale før forslag om freding utformast.

Andre offentlege styresmakter og organisasjoner med interesse i fredingssaka skal òg involverast. 

Mellombels freding

Telemark fylkeskommune har delegert styresmakt til å fatte vedtak om mellombels freding. Mellombels freding blir vurdert i saker kor kulturminne eller kulturmiljø er direkte truga av fysiske inngrep. Mellombelse fredingar forvaltast etter kulturminnelova på lik line med permanent freda kulturminne.


Emneord:

Fredet