Gardsanlegget på Gauksland

en gruppe folk speider utover utsikten fra Gauksland
Gauksland ligg fint til, kan hende dei speida slik for 1500 år sidan og? Foto: kulturarv

Av:

Åsne Dolve Meyer

Publisert:

24.01.2020

Oppdatert:

13.06.2024 kl.13:09

I 2013 vart det teke ut ei kolprøve på Gauksland i Vinje. Dagsettinga av prøven syner at ein byrja med jordbruk der for allereie 1 500 år sidan.

Gardsanlegget Gauksland ligg i nordskråninga rett ovanfor Dronninghaugen ved Vinjevatn. I dag er garden fråflytt, men har i historisk tid vore nytta til husmannsplassar og stølsdrift. Prøven som vart teken i sommar syner at plassen er enda eldre enn ein tidlegare har trudd.

Registrering og rydding

Grunneigarane på Gauksland hadde lenge mistenkt at gardsanlegget kunne vere frå mellomalderen eller enda eldre. Garden ligg over eit stort areal, med små åkerlappar som er kringsett av rydningsrøyser og åkerreiner.

Like nedanfor anlegget ligg det fleire gravhaugar ved Vinjevatn. Det går og ein gamal ferdselsveg like forbi gardsanlegget. Også plasseringa og namnet Gauksland tyda på at gardsanlegget måtte vera frå jernalder eller tidleg mellomalder.

På 1990-talet fekk grunneigarane difor med seg fleire arkeologar og ein kulturgeograf for å sjå på området, og ein fekk registrert delar av det. I dei seinare åra har arkeologar frå Telemark fylkeskommune halde fram med denne registreringa.

Området er heilt urørt av moderne jordbruk, og er difor i særs god stand. Her ligg gamle åkrar, åkerreiner, rydningsrøyser, tufter, holvegar og steinmurar framme i dagen. Grunneigarane har gjort ein stor jobb med å rydde skogen her, slik at desse kulturminna har vorte synlege.

folk i en skog som er hugget ned.

Taking av kolprøve på ei av åkerreinane på Gauksland. Foto: Kulturarv

Strategisk plassering

Dagsettinga av kolprøven syner at jordbruk på Gauksland starta opp i den perioden av jernalder ein kallar folkevandringstida. Dette er ein periode der det har vore ei auke i folketalet i Noreg og ein sette i gang nydyrking mange stadar.

Dei fleste gardsbruk ligg vendt mot sør eller sørvest for å få best nytte av sola, men Gauksland ligg vendt mot nord. Grunnen til dette kan vere at den auka folkesetnaden førte til at det vart bruk for all jorda som kunne dyrkast.

Ein anna forklaring på den litt ugunstige plasseringa kan også vere at det var bruk for dyrka mark nær eit maktsenter. Dette kjenner ein også frå andre stader i Noreg og Europa, og det er mykje som tyder på at Gauksland ligg der den ligg som ein del av ein maktpolitisk strategi. 

Ferdselsvegen som går frå gravhaugane ved Vinjevatn og vestover forbi Gauksland kan og daterast attende til jernalder. Ved å leggje ein gard akkurat her hadde husbonden god kontroll på all ferdsel og frakt av varer over eigendommen sin, og dei som skulle over måtte kanskje betale toll.

På Gaukslandstode nede ved Vinjevatn ligg det fleire gravhaugar, kokegroper og kolgroper. På andre sida av Vinjevatn ligg det også særs mange kulturminne frå jernalder. Den store mengda av kulturminne frå denne perioden tyder på at dette var eit svært viktig område i denne perioden.

Kanskje har dei store gravhaugane ein samanheng med den tidlege jernproduksjonen i Vinje. Det vart produsert meir enn til eiga nytting. Overskotet av handel med jern vart brukt til å skaffa seg prestisjegjenstandar. Dei rike gravfunna i Vinje med blant anna bronsekjelar frå 300-talet etter Kristus syner dette. 

Gardar i Telemark

Gauksland ligg i bratt terreng vest for Vinjevatn. Det er så bratt at det hadde vore vanskeleg å driva jordbruk her i dag. Men det bratte terrenget var ein stor fordel før ein starta med moderne jordbruk.

I jernalderen grov ein ikkje grøfter for drenering av jorda, og ein var difor avhengig av at jorda var sjølvdrenerande. Dei bratte skråningane i dalføra i Telemark var utmerkt dyrkingsjord, og vart tidleg tekne i bruk.

Dette kan ein sjå døme på fleire stadar om ein reiser gjennom Telemark i dag. Dei gamle storgardane ligg oppover i skråningane, medan dei nyare gardstuna ligg nede på flat mark i dalføra, der jorda tidlegare var for våt til å drive.

I eldre jernalder vart jorda vendt med ard i staden for plog. Arden vart dratt av oksar eller folk sjølv, og det var greitt å koma til i dei bratte skråningane.


Emneord:

Arkeologi