Jernindustri på Skoje i Sauland

svart-hvitt bilde av landskap med åkrer og gårdsbruk
Oversiktsbilde frå Sauland i 1949. Vi ser dei to Skojegardane i framgrunnen. Dalen i bakgrunnen går vidare vestover mot Hjartdal. Smia ligg utanfor bildet nede i venstre hjørne. Her finn vi også mange av kolgropene, likeeins tre gravhaugar frå jernalderen. Foto: Widerøe/Hjartdal kommune.

Av:

Audun Solberg

Publisert:

30.01.2020

Oppdatert:

13.06.2024 kl.13:38

Dei siste åra har lokale entusiastar funne svært mange kolgroper ved Skoje-gardane i Sauland i Hjartal kommune. Funna er overraskande og kan truleg setjast i samanheng med ein småskala jernindustri ved gardane.

Kolgroper kan knytast til utvinning av jern i yngre jernalder og mellomalder og er ofte å finne i utmarka. Kolgroper i nærleiken av gardar og innmark set ein vanlegvis i samband med produksjon av kol for gardssmier. Om det er spor etter industri eller heimebruk kan ein sjå på mengda kolgroper innanfor eit geografisk område. Gropene er derfor eit interessant statistisk materiale som kan fortelje mykje om organisering av jernindustrien i Telemark på denne tida.

Smie

Skoje-gardane ligg fint til på solsida i Sauland. I Kaldbekkdalen på garden Sud-Skoje veit vi også at det har lege ei gardssmie. Restane av smia var synlege fram til 1960-talet. Med tanke på alle kolgropene som er funne i området, er det er lett å tenke seg at den laglege smieplassen kan ha vore bruka over lang tid. I samarbeid med arkeologane i Telemark fylkeskommune blei det derfor gjort ei undersøking for å finne ut om det verkeleg har vore smie der frå gamalt av.

I eit lite spadestikk eit par meter utanfor smia blei det funne rikeleg med kol og nokre bitar av jernslagg. Jordprofilen i ei prøvesjakt rett ved sida av smia viste fleire lag som representerer ulike driftsfasar. Trekol frå det eldste laget er C14-datert til 1215-1280 e.Kr. I Kaldbekkdalen har det altså vore smieverksemd meir eller mindre samanhengande i opp mot 800 år.

Kvinne står på knærne og pirker i jorda

Arkeolog Line Grindkåsa frå kulturarv tar ut kol til C14-datering. Foto: Leif Skoje

90 kolgroper

Innanfor ein avstand på omlag 600 meter frå smieplassen er det påvist opp mot 90 kolgroper. Kolgroper rett ved sida av ein gard i låglandet har ein som nemnt hittil, sett i samanheng med produksjon av kol til gardssmier. På Skoje er det ut i frå samanhengen uvanleg mange kolgroper samla på eit relativt lite område, og det er lite truleg at desse har vore nytta til ei vanleg gardssmie.

Vi kjenner ennå ikkje til omfanget av jernproduksjonen i Hjartdal, men den var meir omfattande enn ein hittil har vore klar over, og stadig nye jernvinneplassar blir registrerte. I tillegg til at jern blei laga til heimebruk, viser dei omfattande funna på Skoje at ein stor del av produksjonen truleg har blitt selt vidare.

Jern var ei viktig og svært god handelsvare, og produksjon og omsetning må på ein eller annan måte ha vore organisert. Kanskje kan Skoje ha vært ein mellomstasjon i jernhandelen der jern blei smidd til jernbarrar, som var handelsvara.

Truleg gjekk varetransporten nedover vassdraget mot Skien. Frå Skoje til nedsida av Omnesfossen er det omlag 2 km i lett terreng. Derifrå kunne varene fraktast i båt omtrent heilt fram til Skien, utan omlasting.

Om vi ser på kjente «jernområde» som Hovden øvst i Setesdal, Møsstrond, og Uvdal øvst i Numedal, var det vanskelegare transportveg mot kysten derifrå. I kystnære område budde det flest folk, og jern var etterspurt både i landbruket og til våpen. Noko av jernet blei kanskje også selt til utlandet.

kart
Innanfor ein radius på omlag 600 meter frå smieplassen er det påvist opp mot 90 kolgroper. Kartutsnittet er frå Riksantikvarens kulturminnebase Askeladden. I tillegg til kolgropene som er vist på kartet, er det også registrert omlag 15 groper som ennå ikkje er merkt av i Askeladden. Kartutsnitt: Riksantikvarens kulturminnebase Askeladden
et hull i bakken i en skog
Kolgrop på Skoje. Foto: Leif Skoje

Smie og jernvinne

Under framstilling av jern i jernvinne blei det ein god del restprodukt i form av jernslagg. Likevel var ikkje råjernet reint, og i smia måtte dei fjerne resten av slagget før jernet var smibart.

På smieområdet i Kaldbekkdalen og i bekken ved sida av er det jernslagg. Sidan det ikkje har vore utgraving her, er det vanskeleg å vurdere omfanget. Eit godt trena auga kan skilje smieslagg frå jernvinneslagg, og her er det begge delar. I tillegg er det fragment frå ein sjaktovn som var vanleg i jernproduksjonen frå omlag 700 til 1400 e.Kr.

I Telemarksområdet finn ein jernvinner i fjellområde der det er myrmalm. Dei finst også i lågareliggande område, men relativt sjeldan. Jernvinna på Skoje ligg vel 100 meter over havet, og er såleis uvanleg.

Kvar kom jernmalmen frå? Det veit vi ikkje, men kan forklaringa vera så enkel som at det var utfelt jern i nokre våtlende område på Skoje, ikkje langt frå der smia ligg? I alle fall kan ein finne myrmalm i heiområda på begge sider av Tuddalsdalen. Avstanden er ikkje større enn at det ville vera fullt praktisk mogleg å hente råstoffet derifrå.

skog med en haug

Smia på Skoje ligg på ei tørr, fin flate i Kaldbekkdalen og er noko opphøgd i terrenget. Der det har vore jernvinne og smie over lang tid, vil terrenget bygge seg opp grunna avfall som slagg, kolrestar og anna. Foto: Leif Skoje

Småskala jernindustri

Funna viser at det har vore både smie og jernvinne i Kaldbekkdalen på Sud-Skoje. Om dei har vore samtidig, veit vi ikkje, men ein kan lett tenke seg at jernvinna er eldst, kanskje med noko overlapping av smieaktivitet.

Arkeologar frå Kulturhistorisk museum i Oslo har undersøkt og C14-datert seks kolgroper heilt i ytterkant av «kolgropområdet». Fire av prøveresultata varierte frå 1290 til 1440 e.Kr., og dei to siste frå 1440 til 1650 e.Kr. Resultata understøttar at det har vore jernbearbeiding og smie på Skoje kontinuerleg over ein lang periode.

C14-dateringane frå kolgropene indikerer at dei er yngre enn den eldste bruksfasen av smia. Det er naturleg å tru at kolgropene nærast jernvinna/smia blei tatt i bruk fyrst, slik at desse sannsynlegvis er eldre enn dei som er daterte. Kor lenge jernvinnedrifta på Skoje varde er det vanskeleg å ha noko sikker meining om. Men truleg var det jernutvinning her alt på 1100-talet, om ikkje tidlegare.

Smieaktiviteten har vore omfattande og over lang tid. Kolgroper kan brukast om att, så her er det produsert trekol i store mengder. C14-dateringene frå både smia og kolgropene kan derfor tyde på at det har vore bygdesmie på Skoje, og at denne har vore i bruk over lang tid. I tillegg viser mengda av kolgroper at det til tider truleg har vore småskalaindustri her.

sort jord og grå steiner på bakken
Kol og jernslagg

I ei lita prøvegrop rett utanfor smia var det lag med kol og koljord, sundbrent stein og jernslagg. Noko av slagget er tydeleg jernvinneslagg. Foto: Audun Solberg.