Dispensasjon for spesialtransport

Kva er spesialtransport?

Vegtrafikklovgivinga sett som vilkår for bruk av køyretøy, at lengde, breidde og aksellast som er tillate på vegen, ikkje må overskridast, jf. forskrift om bruk av køyretøy § 5-3, første ledd, nr. 1.

Spesialtransport er eit omgrep som vert nytta om transport av last som har så stor masse eller dimensjonar at dei krev spesialløyve for å transporterast etter offentleg veg.

Søke om dispensasjon for spesialtransport

Det er Statens vegvesen som handsamar søknadar om dispensasjon for spesialtransport. Dette tyder at alle søknadar om dette må rettast til Statens vegvesen i systemet VegSak. 

Løyve frå vegeigar

For nokre transportar er det krav om godkjenning fra vegeigar. 

Dette gjeld for spesialtransportar med totalvekt på over 80 tonn som skal nytta vegar som ikkje står i veglista for SV 12/100. 

Oversikt over kva vegar dette gjeld finn du her

Dette gjeld òg for mobilkraner med totalvekt frå 50 tonn og opp til 65 tonn som ikkje står i veglista for SV 12/65. 

Kva vegar dette gjeld finn du her

Slik søker du

Søknad om løyve sendast til postmottak, post@telemarkfylke.no med kopi til sakshandsamar. Sakshandsamsingstid er inntil tre dagar. 

Publisert: 12.01.2026 Oppdatert: 12.01.2026 kl.10:10

Lars Kvale Svensen
Rådgjevar

Her søker du hjå Statens vegvesen

Du må søke løyve hjå Statens vegvesen. Her finn du sakshandsamingssystemet du skal bruke. 

Her søker du