Ny rektor på plass


Publisert:

17.01.2025

Oppdatert:

17.01.2025 kl.14:05

Anlaug Aase har takka ja til tilbod om stilling som rektor på Bø vidaregåande skule.

-Bø vidaregåande skule er ein god skule for både elevar og tilsette. Dette ønskjer eg å vere med på å føre vidare, saman med elevane og tilsette, seier Aase, som har budd i Bø dei siste 30 åra.

Ho gler seg til å fatt på den nye jobben sin. Også fylkessjef for utdanning, Helge Galdal, er fornøgd.

-Det var fleire gode kandidatar blant søkjarane, men eg er trygg på at Anlaug er rett kandidat til å løfte skulen vidare.

Aase har ei mastergrad i idrett og friluftsliv med diverse tillegg innan leiing og pedagogikk. Ho var lærar ved Nome videregående skole i kroppsøving og samfunnsfag i 18 år (1996-2014) før ho tok til i administrasjonen i fylket med utarbeiding av regional plan for oppvekst og utdanning og andre utviklingsoppgåver i perioden 2014-17.

Aase gjekk vidare til stilling som assisterande rektor og etter kvart rektor ved Bø skule i perioden 2017-2023. Frå 2023 har ho vore avdelingsleiar for idrett ved Hjalmar Johansen videregående skole.