Ny brukarkonto for deg som tilsett

Sjekk Innsida for oppdatert informasjon

Du som tilsett finn siste nytt på Innsida heilt fram til den planlagde nedetida torsdag 25. juli: Korleis påverkar delinga tilsette på skulane.

Etter at nedetida er over måndag 29. juli, kan du logga deg på PC-en din med ny brukar. Korleis du gjer det, kan du lesa på denne sida.

Nedetid for alle tilsette frå 25. juli klokka 15.00

I samband med overgangen frå Vestfold og Telemark fylkeskommune (VTFK) til Telemark fylkeskommune er for alle IT-systema våre utilgjengelege frå torsdag 25. juli klokka 15.00 og fram til måndag 29. juli klokka 08.00.

I nedetida er det ikkje mogleg å logga seg på konsern-, fagsystem og andre program frå verken PC eller mobiltelefon. Det betyr at du ikkje kan:

  • lesa e-post eller bruka andre Microsoft 365-tenester som Teams, OneDrive og OneNote
  • bruka Feide-pålogging mellom 25. juli og 12. august

Nullstille PC-en etter 25. juli

Me tilrår alle tilsette å ta vare på innhaldet og nullstilla PC-en før sommarferien. Etter 25. juli blir kontoen stengd din og du får dermed ikkje lagra innhaldet ditt i Microsoft 365. Det einaste du då kan gjera for å ta vare på evenuelt innhald som er lagra lokalt på PC-en, er å ta backup til ein ekstern disk, minnepinne eller ei privat skyteneste.

Korleis nullstiller eg PC-en? 

NB! Når du nullstiller PC-en din blir alt som er lagra lokalt på PC-en borte. 

  1. Gå til Firmaportal
    • Programmet Firmaportal finn du til dømes ved å skriva «Firmaportal» i søkjefeltet nedst på PC-en din
  2. I Firmaportal blir PC-en vist din som ei eining. Klikk på eininga di og deretter på nedtrekkmenyen Handlinger der du vel Tilbakestill. Nullstilling av PC-en tek litt tid, så det er viktig at du ikkje slår av PC-en før jobben er gjennomført.
  3. Når spørsmålet "Er dette rett land eller område"? dukkar opp på skjermen, er nullstillinga ferdig og du kan lukka igjen PC-en
  4. Nullstilt PC kan ikkje brukast før du har sett den opp med den nye Vestfold-brukaren din etter 29. juli

Står du fast, kan du ta kontakt med servicedesken på skulen din.

Sette opp nye konto frå 29. juli

Du bør setja opp den nye kontoen din heime, slik at du er klar til skulestart. Du set den opp ved å følgja instruksjon du får på SMS. 

Når den nye kontoen din er klar får du ein SMS, med lenkje til påloggingssida https://minkonto.telemarkfylke.no. Her må du logga inn med Minid/BankID. Deretter følgjer du instruksjonen for å setja nytt passord og tofaktorautentisering. 

NB! Du kan ikkje setja opp kontoen din frå ein nullstilt PC. Me tilrår derfor at dette blir gjort på mobiltelefon eller alternativt på ein annan PC enn den du har nullstilt.

 

Rettleiing: Sette opp ny konto frå PC 

Rettleiing: Sette opp ny konto frå mobiltelefon 

Logga på med ny Telemark-brukar

Etter at den planlagde nedetida er over måndag 29. juli klokka 08.00 kan du igjen få tilgang på IT-systema våre ved å logga deg på PC-en med den nye Telemark-brukaren din. 


Rettleiing: Logg på med nye Telemark-brukar

Står du fast? Ta kontakt med din lokale servicedesk.

Publisert: 14.05.2024 Oppdatert: 14.05.2024 kl.15:19