Velkommen som elev!


Publisert:

08.08.2023

Oppdatert:

02.07.2024 kl.10:08

Måndag 19. august 2024 ynskjer me velkommen til alle elevar som skal starte på Vest-Telemark vidaregåande skule!

Her får du litt nyttig informasjon før skulestart.

Praktisk i samband med fyrste skuledag:

Skulebussane har si faste rute og går som normalt. Det betyr at dei aller fleste elevane vil vere på skulen frå litt over klokka 8.00. Det betyr også at det vert tid til litt mingling, med både medlevar og lærarar, og å gjere seg kjend før velkomstprogrammet startar kl. 8.30 i kantina. 

Etter det vil dei elevane som har gått her før, som skal i VG2 og VG3, bli samla og gå saman med kontaktlærar, mens nye elevar vert ropt opp før dei går til klasserommet sitt. 

I all hovudsak vil VG2 og VG3 gå gradvis over til vanleg skuledag, mens VG1 vil bruke meir tid på å bli kjende med kontaktlærar og kvarandre, rutinane våre og skulen.

Nytt i år er at me samlar alle elevane til hyggelege aktivitetar, konkurransar og litt grilling frå lunsj og ut dagen. 

Vel møtt til fyrste skuledag!

Helsing Siv Reidun Eide, rektor.

Lykke til med eit godt, nytt skuleår!

 

Kor får du all informasjonen du treng for å komme godt i gang med skuleåret?

Det du treng av informasjon prøver me å samle her på heimesida vår. I tillegg har me laga eit elevhefte. Elevheftet trykkjer me opp og delar ut til alle elevar i VG1.

Bruk litt tid på å gjere deg kjend med heimesida vår. Gje oss gjerne innspel viss du for eksempel syns det manglar noko, at det ligg ulogisk plassert, er heilt feil el.

Så har du ein god samtalepartner både i kontaktlæraren din, faglærarane, karriærerettleiaren, oss i leiinga og elevar som kjenner skulen frå før. Det er viktig at du får svar på spørsmåla dine, så spør i veg. 

Utstyr og PC

Alle elevar får utdelt ei utstyrspakke, med ma kladdebøker, blyant, penn, kalkulator m.m.

Vidare vil det i løpet av dei to fyrste skuledagane bli utdelt lærebøker.

Lisensar for digitale læremiddel vil bli gjort klare i løpet av dei fyrste skuledagane, men her kan det variere alt etter kapasiteten til forlag. 

Alle elevar må bruke PC, og den er det egne rutinar for. Her er det også tenkt at utstyrsstipendet skal dekkje kostnader.

Elevane på TEK-avdelinga skal ha fått eit eige skriv som forklarer kva utstyr de treng for å gjennomføre skuleåret. Til dette får elevane også ekstra utstyrsstipend. 

Rektor sine ord med på vegen for eit godt skuleår: 

Kjære elevar!

Det aller viktigaste dei kommande månadane er at du får fylle på med kunnskap og erfaringar, slik at du får grunnlag for å bli akkurat det du har lyst til, enten for å ta eit fagbrev, eller for å gjennomføre høgare utdanning. Det er ikkje tvil om at hovudmålet med å gå på vidaregåande skule er å spisse ein kompetanse som er nyttig for framtida. Den må vere solid og allsidig, slik at den kan nyttast på nye måtar. Den må vere grundig nok, slik at du vert god i faget ditt.  For å få til dette må du kunne fordjupe deg og lære korleis du skal utforske dei ulike emna du jobbar med. Såleis kan du lettare utforske nye emne ved seinare høve, etter kvart som samfunnet endrar seg.  

For god læring betyr det mykje å bli kjende med kvarandre og skape eit trygt og godt klasse- og skulemiljø. Trivast me og er trygge, så lærer me betre. Alle har eit ansvar for trivselen på skulen. Det handlar om å sjå kvarandre, gje eit smil og oppmuntring i kvardagen. Det handlar også om å ta vare på det fysiske miljøet, og engasjere seg i å skape aktivitet og nyskaping rundt oss. Er det noko me ynskjer å endre på til det betre, så kan ein sjølv gjere små grep. Me har både klasserådet og elevrådet til samhandling kring dette. Det øvste organet for å jobbe med skulemiljø og trivsel er Skulemiljøutvalet (SMU). Her drøftar me jamleg korleis me har det, og finn og planlegg dei satsingsområda som kan gjere skulen vår endå betre. SMU treng dyktige elevar, - og elevrådet og klasserådet treng ressurspersonar, som kan utgjere ein forskjell og bidra til eit godt fellesskap. Så kjenn etter om du kan vere ein av ressurspersonane i dette. Den beste skulen skaper me saman!

Mitt råd til deg for dette skuleåret er; Ver grundig og nøye med å få med deg detaljane. Det er då du kan briljere og vise kva du verkeleg er godt for. Få til gode samtaler med faglærarane dine, slik at du lærer alt det du treng, på ein måte som hentar fram det beste i deg. Å jobbe saman med medelevar -og byggje kvarandre opp, fremjar også eiga læring.

Alle kan – me hjelper deg fram!