Elevdemokrati

På skulen vår deltar elevane i å evaluere og utvikle skulekvardagen ved å ha tillitsvalde i kvar klasse, som til saman utgjer elevrådet. Elevrådet vel representantar til Skulemiljøutvalet (SMU) som er det høgste, rådgjevande organet på skulen.

Elevrådet har eit styre, som har jamlege møte med rektor. 

Elevrådet har sjølve ansvaret for å setje opp saklister og arrangere elevrådsmøter

Skulemiljøutvalet (SMU) består av eit fleirtal med elevar, rektor, helsesjukepleiar og tilsette sin representant. Det er elevane som lagar sakliste og leier SMU i samarbeid med rektor

Skulemiljøutvalet (SMU) har eiga side som du finn her

Elevrådsseminar

Skulen arrangerer dette skuleåret elevrådsseminar for å sveise elevrådet godt saman, og gje ein "kick-start" for elevdemokratiarbeidet. Meir info om dette finn du her. 

Publisert: 04.05.2020 Oppdatert: 15.09.2023 kl.09:14