Her finn du alt du treng å vite om undersøkinga
Dette må du vite som elev/deltakar i undersøkinga
Dette må du vite som føresett til nokon som skal delta i undersøkinga
FØREMÅLET MED UNDERSØKINGA
- Gje ungdommar som går på vidaregåande skule eit høve til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i lokalmiljøet.
- Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
- Gjere det mogleg å samanlikne med andre fylke/ kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.
KVA VI SPØR OM I UNGDATA?
- Forhold til skulen, venner og foreldre
- Fritid og fritidsaktivitetar
- Helse, trivsel og livskvalitet
- Mobbing
- Seksualitet
- Regelbrot, vald og rusmiddelbruk
- Utdanningsnivået, den økonomiske situasjonen, landbakgrunnen og busituasjonen til foreldra
Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte regionalt kompetansesenter på rusfeltet (KoRus).
KORLEIS BLIR UNGDATA GJENNOMFØRT?
- Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga.
- Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode.
DET ER FRIVILLIG Å DELTA
- Undersøkinga er frivillig.
- Dei som svarer, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på, og kan slutte å svare undervegs, dersom dei ønskjer det.
- Føresette med barn under 18 år kan reservere seg mot at barna deira skal delta ved å gje melding til kontaktlæraren/skulen.
OM PERSONVERN
- Deltakarane sine svar vil bli behandla konfidensielt. Det vil seie at berre forskarar og rådgjevarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara, vil få tilgang til svara.
- Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att nokon som har svart når resultata frå undersøkinga blir offentleggjorde.
- Forskingsdata som inneheld moglege indirekte personopplysningar, vil bli oppbevarte på eit sikkert område fram til utgangen av 2025. Etter det vil alle opplysningane bli anonymiserte.
- Ungdataundersøkinga er godkjend av personvernombodet ved OsloMet (personvernombudet@oslomet.no).
- Datasettet vil ikkje innehalde direkte personopplysningar, og det vil difor heller ikkje vere mogleg å få ein deltakar sine data retta eller sletta i etterkant av undersøkinga.
- NOVA behandlar opplysningane basert på samtykke frå deltakarane.
BEREDSKAP
Skulehelsetenesta vil ha beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.
ANSVARLEG FOR UNDERSØKINGA
Undersøkinga blir gjennomført av
Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og KoRus Sør, på oppdrag fra Vestfold og Telemark fylkeskommune.
KONTAKTINFORMASJON
Ungdatakoordinator:
Mona Kluck rådgiver
Tlf: 40 91 63 99
mona.kluck@vtfk.no
Kontaktperson ved KoRus:
Rosanne Kristiansen
spesialrådgiver, KoRus Sør
Tlf: 99 42 06 88
rosanne.kristiansen@korus-sor.no
Kontaktperson lokalt ved Vest-Telemark vidaregåande skule:
Birgit Johanne Kovajord Olsnes
Avdelingsleiar pedagogisk støtte
Tlf: 469 02 166
birgit.olsnes@vtfk.no