Arbeids- og kvardagslivstrening (individuelt tilrettelagt opplæring)

Målet for elevane er at dei skal meistre livet, bli robuste, mest mogeleg sjølvstendige og ha ferdigheiter til å delta aktivt i samfunnet både i jobb og fritid, ta gode val for seg sjølve og menneska rundt seg.

Vi jobbar tverrfagleg og med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. I tillegg står faga livsmeistring, robust, arbeidslivstrening og mat & helse på timeplanen. Mykje av tida blir brukt på å vidareutvikle sosiale- og motoriske ferdigheiter. I tillegg jobbar elevane med ferdigheiter som er nødvendige i dagleglivet (ADL-trening). 

Utdanningsløpet på arbeidslivstrening (HTA) er eit 2 + 2 løp. Det betyr to år i skule og to år som lærekandidat ute i bedrift. Eleven får, etter fullført løp, eit kompetansebevis innan eit utdanningsområde og kan få arbeid som er varig tilrettelagt eller tilrettelagt i ordinær bedrift. Elevar som går på kvardagslivstrening (HTH) skal ha eit aktivitetstilbod i kommunetjenesta etter videregåande og har eit treårig opplæringstilbod på skulen.  

Elevane på arbeidslivstreing og kvardagslivstrening skal få opplæring der vi set fokus på trivsel og utvikling i trygge og kjente rammer. Elevane har behov for avvik frå ordinær fag- og timefordeling og får opplæring i mindre grupper med individuelle opplæringsplanar (IOP). Desse er laga med utgangspunkt i tilrådningar frå den fylkeskommunale pedagogisk-psykologisk tjenesten (PPT).

Av:

Birgit Johanne Kovajord Olsnes

Publisert:

05.11.2024

Oppdatert:

08.11.2024 kl.16:21