Kombiløpet rettar seg mot ungdom i alderen 16–24 år som:
• har godkjent grunnskule frå utlandet, men har manglande norskkompetanse
• har fått vitnemål frå 10. klasse i Noreg, men har manglande norskkompetanse og fagleg grunnlag
• har bestått grunnskule frå kommunal vaksenopplæring, og som tidlegare hadde mindre enn ni års grunnskule frå heimlandet.
• Søknadsfrist er 1. februar
Du lærer mykje norsk når du går i eit Kombiløp, og det er viktig for at du skal kunne forstå det du treng når du startar på Vg1. Det aukar sjansen for å fullføre vidaregåande opplæring.
I kombinasjonsklassa får du opplæring i faga norsk, matematikk, engelsk og samfunnsfag, og i alle fag jobbar du etter mål for 10.klassetrinn. Du kan ta eitt eller fleire fag, men samla skal du ha 30 skuletimar kvar veke. Nokre timar går med til valfaga norske tradisjonar og jobb og utdanning. Tilbodet varer i eitt til to år, avhengig av behov. Det er mogeleg å kombinere opplæring i kombinasjonsklasse med å hospitere i fag på vg1-trinn og med å vere elev i eitt av desse faga. Tilbodet om å ta fag eller å hospitere i fag varierer etter moglege løysingar i timeplanen.
Du kan elles lese meir om tilbodet her: Opplæringstilbud minoritetsspråklige elever (vtfk.no)