Fråværsreglane er heimla i opplæringslova sine forskrifter § 9-8.
Målet med å ha fråværsreglar er:
- Motivere eleven til jamn innsats
- Forhindre skulk
- Bidra til likebehandling av fråvær, - og gjere det forutsigbart og trygt
- Førebu på reglar som gjeld i arbeidslivet
- Bidra til at eleven meistrar livet.
Me har laga ei enkel framstilling av fråværsreglane i denne presentasjonen, som me nytta på fyrste møte med føresette i august 2022.
I arbeidslivet har ein eigenmeldingsdagar, og deretter må ein ha sjukmelding frå lækjar. 10%-regelen er elevane sin eigenmeldingsregel, og bør difor nyttast med same utgangspunkt.
For dei med kronisk sjukdom eller funksjonesnedsetting, er det lurt å skaffe til vegs dokumentasjon for dette. Skulen kan gjere enkeltvedtak som gjeld fråvær ut frå denne.
RUTINE: Kommuneoverlegar/Legekontor i Vest-Telemark har sams praksis:
Denne vert nytta av alle legekontora i Vest-Telemark, når det er nødvendig med dokumentasjon av sjukefråvær:
- Eleven ber fastlegen om attest når det er fare for 10% fråvær i eit fag.
- Eleven kontaktar fastlegekontoret sitt same dag, ikkje på etterskot, med stikkord om kva det gjeld.
- Eleven vil bli kontakta og handsama etter rutine på legekontoret, til trengande helsehjelp eller berre attest.
- Fastlegen vurderer vilkåra, og skriv ev under på attestert fråvær frå og til. Avgjerdsgrunnlaget for attesten er personsensitivt og blir i pasientjournalen.
Du finn rutina i heiltekst her
Kven har inngått avtalen og kva kommunar gjeld rutina for?
Kommuneoverlege i Tokke: Lars Håvard Eriksen
Kommuneoverlege i Vinje: Marius Opsahl
Kommuneoverlege i Kviteseid/Seljord: Kine Jordbakke
Kommuneoverlege i Fyresdal: Karin Kristin Østerhus
Kva reglar er det som gjeld for sjukefråvær?
Rutina har bakgrunn i følgjande regeleverk:
Forskrift til opplæringslova §9-8:
«Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.
Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:
a. | sjukdom eller andre helseforhold" |
Utdanningsdirektoratet har lagt til grunn at dokumentasjon for dette berre kan utferdast av kvalifisert personell:
Utdrag frå Utdanningsdirektoratet sitt presiseringsskriv (nett):
Fravær på grunn av «sykdom eller andre helseforhold» kan for eksempel være sykdom, skade, legetime, tannlegetime, time hos BUP, avtale med skolehelsetjeneste eller lignende.
Hvis en elev har nådd fraværsgrensen, men ikke overskredet den, må eleven legge ved dokumentasjon fra helsepersonell ved mer helsefravær for å få halvårsvurdering med karakter ved skoleårets slutt i gjennomgående fag, eller standpunktkarakter i faget.
Eleven kan levere egenmelding for fravær som skyldes helseforhold i opptil ti prosent av timene i et fag. Dette gjør at eleven kan forklare fraværet uten å oppsøke helsepersonell. Egenmelding kan hjelpe eleven med å snakke med skolen om fraværet. Egenmelding som dokumentasjon på helserelatert fravær, gjelder kun opp til ti prosent.
En elev vil ha nådd fraværsgrensen når helserelatert fravær og eventuelt udokumentert fravær til sammen har nådd ti prosent. Ytterligere helsefravær må dokumenteres fra helsepersonell for å kunne unntas fraværsgrensen. Det betyr at dokumentasjon fra helsepersonell først får betydning, ved fravær som overstiger ti prosent.
Kva er grunnen til at rutina er laga?
Fråværsreglane skaper eit auka press på allereie overbelasta fastlegar, og difor ynskjer alle partar at bruken av faslegekontoret skal bli så lågt som mogleg.
Ved felles praksis, får legekontora og fastlegane ei rutine som lettar arbeidsbyrden - dei slepp å lure på kva dei skal skrive og korleis dei skal handtere dette.
Skulen får dokumentasjon som inneheld dei opplysingane som trengs, frå dei som er sakkunnige.
Kommunelegane slepp å utstede dokumentasjon tilbake i tid. Dei kjem med denne rutina som hovudregel ikkje til å tilbakdatere sjukmeldingar.
Reglar for køyreopplæringa
Tre delar av køyreopplæringa er også gyldig fråværsgrunn, jf. opplæringslova §3-9 andre ledd, siste del:
"Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-45 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11."
NB! For elevar i Vest-Telemark vil dei tre delane kvar føre til fråvær ein heil dag. Dette tek skulen høgde for, og godkjenner som gyldig fråvær. Dei tre dagane kan dokumenterast på vitnemål, viss dokumentasjonen samla vert levert til Rannheid i resepsjonen i god tid før vitnemåla skal skrivast i midten av juni.
Korleis dokumentere køyreopplæringa?
Køyreskulane har ein eigen APP der all opplæring vert dokumentert. Utskrift frå denne appen i kobinasjon med framvising av appen, tener som dokumentasjon for dei delane som er gyldige fråværsgrunnar.
Døme: (dei tre delane innramma i raudt er dei godkjende fråværsgrunnane)
Korleis skrive ut domumentasjon for køyreopplæring?
Vestfold og Telemark fylkeskommune har også eigen informasjon om regelverket på eigne sider