Ny brukarkonto for deg som elev

Dette gjeld deg som er:

  • Elev på Vg1 studieførebuande (ST) og yrkesfag (YF) skuleåret 2023-2024
  • Elev på Vg2 studieførebuande og yrkesfag skuleåret 2023-2024
  • Lærling
  • Tilknyttet Oppfølgingstjenesten (OT)
  • Vaksenopplæring
  • Notodden ressurssenter

Er du elev på Vg2 YF eller Vg3 ST? Då får du tilsendt ein SMS i veke 23 (mellom 3. og 7. juni) med instruksjonar om kva du skal gjere. Instruksjonane finn du på telemarkfylke.no/privatiser-pc.

Frå skuleåret 2024-2025 blir skulen din ein del av Telemark fylkeskommune. Det betyr mellom anna at me må flytta innhaldet, som du til dømes har i OneDrive og OneNote, frå Vestfold og Telemark fylkeskommune (VTFK) til den nye fylkeskommunen. 

Du får hjelp til flyttejobben, men det er også noko du som elev må gjera sjølv før du tek sommarferie.

Steg 1 - Ta vare på innhaldet du treng før sommarferien

Før du tek sommarferie, må du sørgja for å ta vare på innhaldet ditt sånn at du har alt du treng til skulestarten.

Det betyr at du må passa på at du ikkje har lagra noko lokalt på PC-en din. Det blir nemleg borte. Det same gjeld for notat som du har lagra i klassenotatblokkene dine. Notata må kopierast til OneDrive dersom du vil ha dei med deg vidare. Anna innhald frå klasseteama er det lærarane som har ansvar for å ta vare på.

Siste frist for å ta vare på innhaldet ditt er før du går ut i sommarferie.

Slik kopierer du klassenotatblokkene dine i OneNote over til OneDrive

Opne klassenotatblokka i skrivebordsprogram 

  

Stå i den aktuelle notatblokka, trykk Fil på menyen 

  1. Vel Eksporter
  2. Notatblokk 
  3. Vel format Onenote-pakke 
  4. Trykk Eksporter 

lagreklassnotatblokk.png

Lag ei mappe i OneDrive, for å lettare kunne finna igjen notatblokka 

  1. Vel OneDrive i filutforskaren
  2. Klikk på «Ny mappe»
  3. Vel namn på ny mappe – døme Klassenotata mine
  4. Trykk «Opne» 

bilde2oppdatert.png

Lagre klassenotatblokka i OneDrive 

  1. Vel filnamn, i dette dømet kallar me det klassenotatblokk
  2. Trykk «Lager»
  3. Vel mappa du oppretta i OneDrive «Klassenotata mine»
  4. Når symbolet under status skiftar frå to blå piler i sirkel til ei grøn hake er kopieringa ok. 

bilde3oppdatert.png

Sjekk at du har alt du treng i skya (OneDrive)

Innhaldet du skal ha med over til skulestart haust 2024 må vera lagra i din OneDrive.  

Dette blir gjort i Teams 

  1. Vel App «OneDrive»
  2. Trykk på «Filene mine»
  3. Vel «Dokument»
  4. Sjå at filene du treng til skulestart, og dessutan fila med klassenotatblokka ligg lagra her. 

sisteoppdatert.png

Steg 2 - Nullstill PC-en din

Du kan nullstilla PC-en din etter 1.juni og når du er ferdig med undervisning og eksamen, og du har gjennomført Steg 1. Når du har nullstilt PC-en din kan den tidlegast brukast etter 12. august, når du har gjennomført Steg 3.  

Hugs at du må ha nullstilt PC-en for å kunne logge deg på PC-en med den nye Telemark-brukaren din frå 12. august (Steg 4).

Korleis nullstiller eg PC-en?

Når du nullstiller PC-en din blir alt som er lagra lokalt på PC-en borte. Viss du ikkje har teke vare på klassenotata dine, blir dei også bli borte. Det er derfor viktig at du dobbelsjekkar at du har gjennomført Steg 1 før du nullstiller.

  1. Gå til Firmaportalen
  2. Programmet Firmaportalen finn du til dømes ved å skriva «Firmaportalen» i søkjefeltet nedst på PC-en din.
  3. I Firmaportalen blir PC-en vist din som ei eining. Klikk på eininga di og deretter på nedtrekkmenyen Handlinger der du vel Nullstill. Nullstilling av PC-en tek litt tid, så det er viktig at du ikkje slår av PC-en før jobben er gjennomført.
  4. Nullstilt PC kan ikkje brukast før du har gjennomført Steg 3

Står du fast, kan du ta kontakt med læraren eller servicedesken på skulen din.

 

Steg 3 - sett opp din nye konto fra 12. august

Du bør setja opp den nye kontoen din heime, slik at du er klar til skulestart. Du set den opp ved å følgja instruksjon du får på SMS. 

Slik set du opp ny konto frå mobiltelefon

Du startar med å gå til https://minkonto.telemarkfylke.no eller trykkja på lenkja du har fått på SMS frå «Vestfold». Deretter følgjer du stega under:

Vel «Elev eller lærling»

Bilde1 (1).png

Klikk «Tilbakestill passord og aktiver bruker»

Bilde2 (1).png

Logg på med MinID eller BankID

Bilde3 (1).png

Du får no tilsendt eit mellombels passord på SMS frå avsendar «Telemark»

Bilde4.png

Når du har fått SMS-en, trykkjer du på «Klikk her når du har fått SMS» 

Bilde5.png

Bilde6.png

Skriv inn passordet du fekk på SMS. Du kan kopiera passordet frå SMS-en, eller skriva det inn sjølv

Bilde7.png

No skal du velja ditt eige passord

  • Fyll ut passordet du fekk på SMS i feltet «Noverande passord»
  • Skriv inn det nye passordet ditt to gonger

Hugs at det nye passordet må vera på minimum 8 teikn, inkludert ein stor bokstav og eit tal. 

Bilde8.png

No er du ferdig med å byta passord, og det er på tide å setja opp tofaktorautentisering i Authenticator-appen. 

Trykk «Neste»

Bilde9 (1).png

Last ned Authenticator-appen på telefonen din hvis du ikke har den fra før. Velg i så fall «Last ned nå».

Trykk «Neste» når appen er på plass

Bilde10.png

Vel «Kopla kontoen din til appen ved å trykkja denne koplinga»  

Bilde11.png

Vel «Opne» for å opna Authenticator-appen. Du ser no at ein ny konto er lagt til i appen.

Bilde12.png

Trykk på det vesle ikonet oppe til venstre (eks. Safari) for å gå tilbake til nettlesaren 

Bilde13.png

Velg «Neste» for å gå videre 

Bilde14.png

Me skal no testa at oppsettet fungerer, og du får opp eit tal på skjermen og eit varsel frå Authenticator-appen.

Hugs på talet som dukkar opp og opne varselet.

Bilde15.png

Skriv inn talet og vel «Ja»

Bilde16.png

Trykk på det vesle ikonet oppe til venstre (eks. Safari) for å gå tilbake til nettlesaren

Bilde17.png

Vel «Fullfør»

Bilde18.png

Kontoen din er no ferdig sett opp og klar til bruk. Bra jobba! 

Bilde19.png

Slik set du opp ny konto frå PC

Du startar med å gå til https://minkonto.telemarkfylke.no.

NB! Du kan ikkje setja opp kontoen din frå ein nullstilt PC. Du må derfor bruka ein annan PC som har internett, eller eventuelt bruka mobiltelefonen som beskrive over.

Sjå brukarrettleiing elev - sett opp frå PC

Steg 4 - Logg på PC-en med ny Telemark-brukar

Etter den planlagde nedetida frå torsdag 25. juli til måndag 12. august klokka 08.00, kan du logga deg på den nullstilte PC-en din med den nye Telemark-brukaren.

Har du ikkje nullstilt PC-en? Då må du gå tilbake til Steg 2 (Nullstill PC-en din) før du kan logge deg på.

Sjå rettleiinga - logg på med ny Telemark-brukar

Publisert: 14.05.2024 Oppdatert: 14.05.2024 kl.15:16