Ny brukarkonto for deg som tilsett

Sjekk Innsida for oppdatert informasjon

Du som tilsett finn siste nytt på Innsida heilt fram til den planlagde nedetida torsdag 25. juli: Korleis påverkar delinga tilsette på skulane.

Etter at nedetida er over måndag 29. juli, kan du logga deg på PC-en din med ny brukar. Korleis du gjer det, kan du lesa på denne sida.

Nedetid for alle tilsette frå 25. juli klokka 15.00

I samband med overgangen frå Vestfold og Telemark fylkeskommune (VTFK) til Telemark fylkeskommune er for alle IT-systema våre utilgjengelege frå torsdag 25. juli klokka 15.00 og fram til måndag 29. juli klokka 08.00.

I nedetida er det ikkje mogleg å logga seg på konsern-, fagsystem og andre program frå verken PC eller mobiltelefon. Det betyr at du ikkje kan:

  • lesa e-post eller bruka andre Microsoft 365-tenester som Teams, OneDrive og OneNote
  • bruka Feide-pålogging mellom 25. juli og 12. august

Kom i gang på PC-en i ny fylkeskommune frå 29. juli klokka 08.00

Etter at den planlagde nedetida er over måndag 29. juli klokka 08.00 kan du igjen få tilgang på IT-systema våre ved å logga deg på PC-en med den nye Telemark-brukaren din.

Slik gjer du det:

  • Slå på PC-en og sjekk at Noreg er valt får du går vidare
  • Vel nettverket .VTONBOARD
  • Logg deg på med den nye adressa di. Du treng berre byte ut @vtfk med @Telemarkfylke:
  • fornamn.etternamn@telemarkfylke.no
  • Bruk det same passordet som du har frå før
  • Stadfest identiteten din med tofaktorautentisering à Neste x 2
  • Skriv nummeret som dukkar opp på PC-en inn på mobilen din

Til slutt må du logga på PC-en din éin gong til med den nye Telemark-brukaren din og det gamle passordet. La PC-en jobba nokre minutt medan Office-programma kjem inn på skrivebordet ditt.

Manglar du nokon program? Då kan du lasta dei ned sjølv via Firmaportalen som du finn ved å trykkar Windows-tasten og byrja å skriva Firmaportal.

Står du fast? Ta kontakt med den lokal servicedesken din.

Publisert: 14.05.2024 Oppdatert: 14.05.2024 kl.15:15